Årets Julemesse - 2019 samla mykje folk

Salsboda med variert utval.
Salsboda med variert utval.

Så er hesjastaurane og alt det ein måtte drage på, for lengst komne på plass heime, der dei høyrer til.


Du verda for ei fin messe, atter eit år - og det er godt å kjenne på når du he dumpa ned i godstolen, fått fyr i peisen og senka skuldrane.

Fin sang, som forventa, av Lykklighet framfor eit stappfullt bedehus.  Og Godøy Brass toppa det heile då ordføreren i kommuna vår tok på seg dirigentjobben. "Ten av ten points" Harry, både for dirigering og losing gjennom messa, i år igjen.


Takk elles til alle som bidrog med alt oss i komiteen he masa om.

Så vil oss ønske alle lesere her inne ei fin og god julefeiring. Ja, det e en realitet at den snik seg innpå, sjøl om sola skin kvar einaste dag, og veret viser seg frå si beste side.


Ta vare på kvarandre, og kanskje oss burde huske på dei som ikkje he så mange rundt seg. Ei høgtid kan vere vanskeleg for mange.

Det var midt i julenatt,
hver en stjerne blinket matt,
da med ett der ble et skue
en så klar på himlens bue
som en liten stjernesol
som en liten stjernesol.

Torgunn, Bente, Anne Mari, Margrethe, Britt, Lisa.